Bokmelding – Kaninbyen
Kaninbyen er den tredje boka i Stavangertrilogien av Arild Rein. Arild Rein er kjent for sin sosialrealistiske og harde skrivestil, og i boka skildrar han undergrunnen til Stavanger på ein hard og samfunnskritisk måte. Handlinga går føre seg i Stavanger, og forfattaren setter eit kritisk lys på både byen og det norske samfunn.
I boka følgjer vi hovudpersonen Jonny Roxmann, ein tidleg politimann som tener til livets opphald med å stele, svindle og ljuge. Jonny leier ut leilegheita si til hallikverksemd, og må derfor bu i kolonihage-hytta som han har arva frå faren. For å tene nokre lettvinte kroner, seljer han bakte poeteter under Gladmatfestivalen. Jonny møter thailandske Kim som han får eit godt auge til, men det visar seg at også ho driv med kriminell verksemd.
Jonny er ein person i fritt fall, menneskelig, moralsk og ikkje minst språkleg. Han er ein
usympatisk fyr og har klare sosiopatiske trekk. I boka beskriv han Stavanger som eit tomt eggeskal kvar folk ikkje snakkar om det som interesserer dei, men at dei heller bryr seg meir om fasaden enn verkelegheita. For å gje karakteren intelligens og dybde lar forfattaren han vera begeistra for Svjastoslav Richters tolkar, lar han lese populærvitenskapelege handlingar og Tsjekhov. Dette verker lite truverdig ettersom det er i stor kontrast til det hatet og den brutaliteten som vi forbinder Jonny med.
Boka kan seies å vera eit oppgjer mot pengefokuset og rikdommen i Stavanger, og oljebyen er ein ”by kvar prostitusjon, steling og menneskehandel er i fokus” som det blir beskrive av hovudpersonen. Bodskapen i boka er å vekka lesaren si merksemd til å bli meir opne og kanskje ikkje leva bak ein fasade slik som mange gjer. For å forsterka bodskapen, brukar forfattaren eit grovt språk med overdriven mykje banning. Dette er tydeleg for å provosere lesaren, og fungerar til ein grad dei første fire sidene. Etter ei kort stund blir den konstante banninga bare eit irritasjonsmoment som ligger og suser i bakgrunnen.
For å setje ting litt på spissen kan man si at sex er ein raud tråd gjennom boka. Men ikkje som eit sunt og kjærlig forhold mellom to personar, men heller som noko som er nødvendig for å driva historia vidare.
Til tross for dette er boka godt skrive, samtidig som den er engasjerande meddrivande. Det er ei bok som tar opp underverda til Stavanger. Derfor tittelen Kaninbyen. ettersom kaninar bur under jorda. Dessverre gjer det overdrivne språket og den til tider lite truverdige hovudpersonen, at boka ikkje går heilt til topps.
Kjelder
Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. Oslo
Omdal, S. 2008. Maniert hatbok fra fucking Stavanger. Aftenbladet. Lokalisert 19.15.2011: http://www.aftenbladet.no/kultur/bok/article48893.ece